Korskulen er ein av grunnpilarane i kyrkjelyden, og er i tillegg til det musikalske også ein viktig del av kyrkja si trusopplæring.
Gjennom songen får både vaksne og unge korsongarar eit nært og personleg forhold til kyrkja og gudstenesta,
og er med på å gje kyrkjelyden eit variert uttrykk og inntrykk av trua og truslivet.
Korskulen er drifta av Bø sokneråd, og blir drive som ein profesjonell korskule for born, ungdom og vaksne.