Singlett

September 12, 2022

VELKOMMEN TIl SINGLETT

Born frå 1.- 3. Klasse
songrepertoar av ulike genre
songleikar
deltek på familiegudstenester og konsertar.
Bø bedehus er ope for singlett


Korøvinga varar frå 15 -16: sjå informasjon om opplegget "kor etter skuletid"

Informasjon om opplegget «kor-etter-skuletid»:

SingLett er Bø kyrkjelyd sitt kor for dei  som går i 1., 2. og 3. klasse. Vi har mykje moro saman, både musikalsk og sosialt! Det kostar kr 500,- pr semester å vere medlem i Korskulen. Dere finn påmeldingsskjema på www.korskulen.no.

SingLett har øvingar kvar torsdag klokka 15.00-16.00 frå slutten av august og fram til midten av mai, med unnatak av skulen sine ferie-/fridagar. Siste ordinære øving føre jul er torsdag 8. desember.

Nokre vaksne frå Korskulen sørger for at barna får følgje frå skulen klokka 14.00; «Gåbuss» frå Bø skule – minibuss frå Folkestad skule.

Øvingane er på Bø bedehus og Barna må bli henta på bedehuset seinast klokka 16.30.

I tillegg til øvingane, deltar SingLett på nokre familiegudstenestar i Bø kyrkje, og ein til to konsertar i året. Det er viktig både for barna si oppleving og gleda av å synge i kor, og for dei andre songarane i koret, at de som føresette prioriterar å stille opp på når koret opptrer!

Dersom det er nokre av borna som har spesielle behov er det fint om de tek kontakt slik at vi kan løyse det på best mogleg måte saman med dere som er føresette.

Første øving i haust: Torsdag 25. august.

Leiarar i SingLett er Grete Hasselgård Sele (musikkpedagog og korleiar), Mona Skruverud (korleiar) Rolf Axelsen Lie (organist/pianist og korleiar) og Esther Hynne. Du må gjerne stikke innom  «Korskulen i Bø» på facebook for å sjå meir av kva me driv med!

Viktig!: SingLett er ikkje kobla til skulen sin SFO, og all kommunikasjon må gå direkte til ein av korleiarane!

Har du spørsmål, kan du kontakte

Rolf, tlf: 951 83 114 eller Grete, tlf: 915 56 348

KORSKULEN SINE KOR